Velkommen til Seljecup 2026, 12.-14.juni!

Selje Idrettslag har gleda av å ynskje velkommen til 30-årsjubileum for Seljecup. Vår tradisjonsrike og svært populære cup blir i år arrangert for 30.gong. Vi kan sjå tilbake på ei fantastisk cuphelg i 2025 med rekorddeltaking over 170 lag og 1300 spelarar. Vi takkar for alle gode tilbakemeldingar frå fornøgde lag/klubbar som deltok.

Laga som deltek på Seljecup kjem hovudsakleg frå Sogn&Fjordane og Sunnmøre, og oftast nokon lag frå Hordaland. Noko av det som gjer Seljecup så populær er at kampar, overnatting, matservering og alle aktivitetar føregår i og omkring Selje Idrettspark. Kamptidspunkta vert så langt råd tilpassa reiseavstand og ynskje frå klubbane. Vi gjer merksam på at vi må sette ei øvre grense for kor mange lag som kan delta i turneringa. I 2025 var det mange lag som ikkje fekk plass pga. sprengt kapasitet i høve overnatting og kampavvikling. Det løner seg difor å vere tidleg ute med påmeldinga, ”først til mølla......”  

Vi håpar på ein ny cupsuksess med fotball, vennskap og glede. La oss alle hjelpe kvarandre til FairPlay både på og utanfor bana. Selje IL har stort fokus på FairPlay, og på bakgrunn av dette har klubben fire gonger vorte kåra til ”Årets FairPlay-klubb” i Sogn&Fjordane. Seljecup har også fokus på FairPlay, noko som vil vise igjen under cupen. 

Velkommen til årets fotballfest i Selje!