Påmelding/tidsfristar/betaling
Seljecup brukar å bli fullbooka. Ver difor tidleg ute med påmeldinga, ”fyrst til mølla….”gjeld.
* 25.april: Siste påmeldingsfrist 10-16år
Påmelding via link i Profixio på vår heimeside: www.seljecup.no
Visst problem ved påmelding: send mail til post@seljecup.no Laga vert registrert etter tidspunktet for innbetalt påmeldingsavgift. Siste påmeldingsfrist er 25.april.
* 20.mai: Siste påmeldingsfrist 6-9år
Eigen invitasjon vert sendt ut innan 1.mai. Påmeldingsfrist til "Kongleriket"-turnering søndag 14.juni er seinast innan 20.mai. Påmelding via link i Profixio på vår heimeside: www.seljecup.no
* Innan 15.mai: Betaling deltakaravgift
Siste frist for betaling av individuell deltakaravgift (A- eller C-kort) er 15.mai. Dersom det blir innbetalt for lite eller for mykje på førehand i høve antal spelarar, kan dette rettast opp seinare og/eller ved innsjekking på cupen.
Påmeldingsavgift (kr.800,- pr. lag) vert ikkje refundert dersom eit lag trekkjer seg etter 15.mai.
* Innan 1.juni: Kampoppsett
Kampoppsett vert sendt ut innan 1.juni. Lag som evt. trekkjer seg etter dette, kan ikkje gjere rekning med å få refundert innbetalt individuell deltakaravgift (A- eller C-kort).