31.10: Godt resultat på teknikkmerke og minimerke 2011
Postet av Selje IL - Fotball den 31. Okt 2011

I dag vart den siste av fleire kveldar med dugleiksmerkeprøver gjennomført på Selje Idrettspark. Mange har i løpet av oktober greidd minimerke eller teknikkmerke. Totalt 76 merke (Mininmerke: 12 blå og 34 rød + Teknikkmerke: 10 blå, 8 rød, 6 bronse, 3 sølv og 3 gull) er eit resultat klubben har grunn å vere godt nøgde med. Spesielt kjekt er det at 3 spelarar f.97 har greidd å ta gullmerket i år. Dette merket "heng høgt" og gutane har jobba steinhardt, time etter time med skot/avslutningar, før dei endeleg nådde målet....... På årsfesten 23.november vil alle som har teke merke i år få utdelt diplom m.m.....
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Selje IL - Fotball
Selje-Måløy fre. 24.04 kl.19.00
22.04.2026
Selje-Syril, lør.25.04 kl.15.00
22.04.2026
Klubbside på sport1.no
22.04.2026
Selje-jenter på soneturnering
12.04.2026
Vellukka Fotballeiarkurs
09.04.2026
Klubbveke Chatlet Sport1 Eid, 05.04-11.04
30.03.2026